From "Torvastad" page 360:
2. ca. 1674-1714: Klaus Kristenson Skaaning, f. ca. 1650, d. ca. 1714, son til sokneprest Kristen Bentsen Skaaning i Avaldsnes.
Kring 1677 g.m. Åsa Eriksdtr. Dale, enkja etter førre brukaren, d. 1701.
Born: a. Mette f. ca. 1678, g.m. Olav Bårdson. Neste brukar.
b. Kristen f. ca. 1679, d. før 1714.
c. Erik f. ca. 1683, d. før 1714.
d. Kirsten f. ca. 1685, grl. 16/11 1766.
Kirsten Klausdtr. var g.m. 1. Askild Johannesson, d. ca. 1706, kanskje fra Øyra Haugo, og 2. m. em. Matias Knutson, Moksheim bnr. 1.5.
Born: a. Marta Askildsdtr., f. ca. 1701, d. 1753.
b. Søren Askildson, f. ca. 1705, d. 1758, til Nordre Våge i Avaldsnes. (Truleg er Søren son til Askild og Kirsten.)
c. Johannes Askildson, f. 1706, d. 1774, Dale bnr. 2.1.
d. Kristen Matiasson, f. 1707, d. 1787, Moksheim bnr. 1.6.
Ingen skriftlege kjelder fortel at Askild var brukar på Dale. Men truleg budde han der når borna hans vart fødde. Kirsten Klausdtr. flytte til Moksheim då ho vart oppattgift. 7/11 1698 let Klaus Kristenson tinglysa eit makeskiftebrev med «sin svoger» (d.e. svigerson) Hans Bugge. Klaus fekk då eigedomsrett til 2 vetter (12 spann) i Dale og 1/2 vett i Urå i Grinde, Skjold. Dette var odelsgodset til Ragnhild Osmundsdtr. som var gift med Hans Bugge og stykdotter til Klaus Kristenson.
I 1700 eig Klaus Kristenson 36 spann i Dale. Han betalar vel 15 riksdalar i skatt i 1712-1713 og er då den neststørste skattytaren i Avaldsnes skipreide. Olav Ingebretson er den største skattytaren med 19 riksdalar. Dei var svograr. Kring 1714/1715 døydde Klaus Kristenson. Arvingane etter han er nemnde då.
20/12 1715 overdreg Hans Matiasson Bugge 14 spann av Dale til Matias Moksheim, g.m. Kirsten Klausdtr. Dale. Matias hadde lånt Bugge 120 riksdalar.
Det syner seg at Matias Moksheim og sonen Kristen aukar eigedomen sin i Dale fram gjennom åra, slik at kring 1760-åra eig Kristen Matiasson Moksheim heile Dale.
Have you taken a DNA test? If so, login to add it. If not, see our friends at Ancestry DNA.
Featured National Park champion connections: Klaus is 19 degrees from Theodore Roosevelt, 22 degrees from Stephanus Johannes Paulus Kruger, 21 degrees from George Catlin, 23 degrees from Marjory Douglas, 27 degrees from Sueko Embrey, 22 degrees from George Grinnell, 22 degrees from Anton Kröller, 21 degrees from Stephen Mather, 26 degrees from Kara McKean, 22 degrees from John Muir, 15 degrees from Victoria Hanover and 30 degrees from Charles Young on our single family tree. Login to find your connection.
C > Christensen > Klaus Christensen